Vedtekter

§ 1. Laget har til føremål å fremja interessa for slekts- og lokalsoge og kulturvern
Laget vil samla inn og ta vare på alt som har verd for grendene her si soge, og som kan fortelja om folk sine levekår gjennom tidene.

§ 2. Verksemd. For å nå føremålet kan Iaget gjerne samarbeida med skule, lokale organisasjonar og kommunale og fylkeskommunale organ.

- skipa til møte, kurs, omvisningar, registreringar, innsammling av muntleg tradisjon, musikk, målføre, stadnamn bilete og anna av historisk verd.

- arbeida  for at det kan verta utgieve bygdebok, årbok, hefte eller medlemsblad.

- arbeida for vern av forminne og kultuminne av alle slag i grendene.

§ 3. Laget er knytt til Hordaland Sogelag og Landslaget  for lokalhistorie

§ 4. Medlemer av laget er dei som betalar dei årlege medlemspengane.

Medlemspengane vert fastsett av årsmøtet.

Utmelding av laget må vera skriftleg

§ 5. Laget vert leia av eit styre på 5 medlemer med 2 varamedlemer.

Årsmøtet vel:

  1. a. Leiar for 1 år. Leiar vert vald særskilt.

  2. b. 4 styremedlemer for 2 år 2 står på val  kvart år.

  3. c. 2 varamedlemer for 1 år.

  4. d. 2 revisorar eller 1 fagrevisor.

  5. e. Valnemnd. 1 ny medlem skal veljast  kvart år. Den som har site lengst i nermda går ut.

Det vert pålagt den som har lengst erfaring å samankalla nernnda og å styra valet på årsmøtet.

lnnan styret vert vald:  nestleiar, skivar og kasserar.

Styret vert samankalla av leiaren.

Styret kan peika ut nemnder til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver.

Varamedlemene skål ha tilsendt sakspapir. Ved lik stemmetall har leiaren dobbeltstemme.

§ 6. Rekneskapen skal førast for kvart kalerderår og leggjast fram for årsmøtet i revidert stand.

§ 7. Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av februar. Det skal qjerast kjent i lokalpressa og ved oppslag 3 veker for møtet vert halde

§ 8. Omframt årsmøte kan verta halde når styret gjer vedtak om det eller når 1/3 av medlemene krev det. 

Omframt årsmøte kan berre handsame den eller dei saker som er kome med i utlysinga.

§ 9. Lovendringar kan verta vedtekne på årsmøtet med 2/3  fleirtal.

Fråmlegg til lovendringar må vera kornne til stfet innan utgangen av desember.

§ l0 Nedlegging av laget kan verta gjort når 2 etterfølgjande årsmøter har vedteke det med 2/3 fleirtal.

Laget sitt arkiv, akitva og midlar går over til Hordaland Sogelag.

 

pdfVedtekter for Vassvøri sogelag206.45 KB