Årsmøter

Årsmøte for 2021

Vassvøri sogelag hadde årsmøtet sitt i heradshuset på Evanger måndag 21.mars 2022.

 Årsmøte for 2021

Vedtektsendring. Styret i Vassvøri sogelag la fram forslag til endring i vedtektene, § 7. Paragrafen har fylgjande ordlyd: «Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av februar. Det skal gjerast kjent i lokalpressa og ved oppslag 3 veker før møtet vert halde».

Forslag til endring: «Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av april. Det skal gjerast kjent på Heimesida til Vassvøri sogelag, i e-post til medlemer, på Facebook-sida til sogelaget og ved oppslag 3 veker før møtet vert halde». Det kom forslag om å føya til at oppslag skal vera på Brekkhus, i Evanger sentrum og på Bolstad. Med denne tilføyinga vart endringa godkjent.

Kåseri: Knut K. Finne hadde sagt seg villig til å halda eit kåseri om emnet «Voss i tida etter Svartedauden». Han kunne dessverre ikkje møta grunna sjukdom, så kåseriet gjekk difor ut.

Årsmøte i Hordaland sogelag og kulturhistoriske dagar på Stord 16.-17.oktober 2021.

Guri og Øivind Teigen møtte som utsendingar frå Vassvøri sogelag. Øivind refererte frå denne samlinga, der dei mellom anna fekk omvising i dei nedlagde svovelkis-gruvene på Litlabø. I tillegg til årsmøtesaker og festmiddag vitja dei og Høgskulen på Vestlandet (Tidlegare Stord Lærarskule). Det var ei interessant og minnerik samling for utsendingane.  

Alle årsmeldingar ligg her 

---

Årsmøte for 2020

Vassvøri sogelag held årsmøtet sitt i heradshuset på Evanger torsdag 15.april 2021

kl.18. Grunna koronasituasjonen er det påmelding til årsmøtet  inntil 10 personar kan vera tilstades.

årsmøte 2020

Det vart gjennomført med gjennomgang av vanlege saker, men utan servering og kulturhistorisk innslag.  Alle årsmeldingar ligg her 

_______________

 Årsmøte for 2019

Årsmøtet VSL for 2019

Vassvøri sogelag heldt årsmøtet sitt i heradshuset på Evanger onsdag 4. mars 2020.

Karl Ystanes, forfattar av boka «Bolstadelva», fortalde om arbeidet med boka, som kom ut i november 2019. På ein engasjerande måte fortalde han om korleis boka vart til, og nemnde fleire gode episodar som er kome med i boka. Han hadde berre godord å seia om alle som har vore intervjua. Det er vore gjestfrie og velvillige folk å snakka med. Han fortalde roaren Leidulv Bolstad, som i mange vintrar budde på eit gods i England, etter at han vart godt kjend med eigarane av godset, som fleire somrar fiska i Bolstadelva. Forfattaren og Knut Horvei var og besøkte eigaren av godset i samband med boka.

Som takk for kåseriet fekk Ystanes overrekt Bolstadboka av Grethe, i tillegg til spekepølse frå Evanger Pølsefabrikk.

Sakliste:

Endring av kontingent og pris på «Frå fjell til fjord» 

Vanlege årsmøtesaker

----------------

Andre hendingar i 2019

 

Kulturvandring på Tysso for medlemer i Vassvøri sogelag onsd 25/9.

Oppmøte ved skulen på Bolstad kl. 16.30.

Omvisning i verkstad ved sjøen og i skulestova.

Orientering om gardane på Tysso.

Vel møtt!

Mvh Grethe F.A.

OppgåverTiltakTidsramme
Frå fjell til fjord Samla og redigera stoff Frist innlev. stoff 1. sept
Rydding/maling Straumabrua og Fadnesbrua Måla rekkverk, rydda kratt Vår 2019
Nytt grindbygg med tavle ved Straumabrua Infotavle Vår/sommar 2019
Stadnamnreg Reg. namn i grendene Heile 2019
Stølsregistrering   Heile 2019
Kulturhistorisk vandring   Sommar/haust 2019
Ny trapp Knute Nelsonstova Kommunal oppgåve 2019-20
Tilsyn K.Nelsonstova   2019
Knute Nelson dag   Aug/sept. 2019 viss utbetring av trapp er ferdig
Evangerlaurdag   Juni 2019
Postbryggja Setjast i stand Vår 2019
Gje ut 1995 og 1996 årgangane av Frå fjell til fjordi hefta   Til Evangerlaurdag 2019
Biletinnsamling frå BEB Laga utstilling i dei 3 grendene 2019-20
Reparera tak på flåtemuseet   Vår/haust 2019