Storestigen

Storestigen vart og kalla Homannstigen i tidlegare tider. Fossen heiter Homannafossen eller Homannsfossen. Opphaveleg vart fossen kalla Hoff mannafossen. Det er ei segn til dette namnet: Ein hirdmann rømde med ei kongsdotter inn Bolstadfj orden. Kongens menn sette etter dei, og for å redda seg kleiv dei opp eit ofseleg fl ogberg ved fossen. Desse to fredlause skal vera dei fyrste som busette seg på fj ellgarden Bjørgo.

Bilveg og ny tunnel gjennom Nåli sto ferdig i 1990, og avløyste Storestigen som einaste ferdaveg til fj ellgardane. Før dette rasa noko av muren og treppene ut, slik at det var vanskeleg å ta seg fram. I 2002 vart muren og treppene vølt. Nok ein gong var det Staten som kosta arbeidet, denne gongen med kulturmidlar frå Statens vegvesen. Då muren vart vølt, fann ein greiner av sprake (einer) inne mellom steinane, som har vore lagt der som armering. I 2010 vart det sett opp nytt rekkverk, utført av Vassvøri Sogelag. Dette erstatta eit rekkverk som bøndene på fj ellgardane sette opp i 1926. I dag framstår Storestigen som eit stolt kulturminne, og vert nytta som turveg.

Vassvøri Sogelag håpar at mange kan ta turen nedom Storestigen. Slik den framstår no, kan den stå i mange år. Det er og å håpa at etterkomarane våre kan ta vare på den i framtida.

Oppslagstavla i Storestigen