Fadnes Bro og Straumabrua

Det fins 2 godt bevarte steinkvelvbruer her i Teigdalen: Denne, som fekk namnet Fadnes bro, og Straumabrua sør for Brekkhus. Desse 2 bruene er svært like i byggjemåte. Ein reknar med at det er dei same folka som har bygt begge bruene, og at dei vart bygt nokolunde på same tid. Me kjenner årstalet for Straumabrua: 1894 (sjå foto). Det er sannsynleg at denne, Fadnes bro, vart bygt først. Dersom ein reknar ca 2 års byggjetid på kvar, kan ein gå ut frå at begge vart bygt i åra 1890-1894.

Steinkvelvbruer er ein svært gamal byggjemåte. Murte kvelv- og bogekonstruksjonar er kjent frå Egypt og dei gamle kulturane i Midtausten, men det var romarane som for alvor tok i bruk og utvikla teknikken til eit ekstremt høgt nivå både innanfor arkitektur og i meir reine nyttebyggverk som t.d. bruer. Med romarane nådde denne byggjemåten også vår kultursfære, gjennom utstrakt bygging av vegnett og bruer nordover i Europa. Nøyaktig kva tid dei første steinkvelvbruene vart bygt her i landet veit ein ikkje, men ein reknar med at byggjemåten vart teken i bruk i Mellomalderen. Den eldste steinkvelvbrua me kjenner er Smedbrua ved Kongsberg, bygt i 1624. Men det skulle gå lang tid før det vart noko større vegbygging her i landet. Først ut på 1800-talet skaut det fart i vegbygginga, med større krav til transport. Framleis var det hest og kjerre som var reiskapen. I perioden 1880-1900 vart det bygt svært mange steinkvelvbruer her i landet, kanskje dei fleste som me kjenner til i dag.

Oppslagstavle for Fadnes Bro og Straumabrua