Bryggja på Bolstad

Bryggja med sjøbua vart ført opp i 1873. Den gamle bryggja var av tre og låg lenger inne i bukta, rett under tingstova. I 1833 vart det klaga over at denne bryggja var i dårleg stand. Sjølv om Vossebana vart opna i 1883, vart rutebåttrafikken halden oppe heilt fram til hausten 1915. D/S «Ole Bull» var den siste båten i denne ferdsla. Det var likevel ein god del trafikk med fraktefartøy til Bolstadøyri. Det var billegare å frakta ved, gjødsel og byggevarar med båt enn med jarnbanen. Då Vegstellet bygde bru på Straume i 1963, vart seglingshøgda så låg at fraktefartøya måtte gje opp fraktefarten til Bolstadøyri. Sjøbua vart riven i 1965.

 

Når folk skulle på byferd, vart det skipa båtlag eller «bylag». Dei leigde ein båt eller «ostraskuta» dei kalla, som vart lasta med smør, ost, kjøt og anna vare. Så rodde dei utetter fjorden. Når det var høveleg vind, kunne dei sigla. Ei slik ferd tok to-tre dagar når veret var bra, i motvind gjerne ei veke. I Bergen var det å selja varene, og så kjøpte dei att slikt som dei hadde bruk for. Ei byreis tok om lag to veker, men kunne og ta heile fire veker. Det var helst vår og haust dei tok ut på bytur. Slike reisetilhøve var det frå Bolstad til Bergen heilt til dampbåten tok over i 1860 åra. I 1866 vart det løyvd pengar til å gjera Bolstadstraumen djupare, og i 1868 kunne D/S «Arne» gå opp Bolstadstraumen med los og vidare inn til Bolstadøyri. Det Nordhordalandske Dampskipssamlag vart skipa i 1870. Dette selskapet bygde D/S «Voss» ved Bergens mekaniske Værksted same året . «Voss» vart sett inn i trafikken til Bolstadøyri, og sjølv om båten var innom 7 stoppestader,brukte han ikkje meir enn 5 timar på turen frå Bergen. 

Oppslagstavla Bryggja på Bolstad