da gaor i pylso

200 år med kjøt- og fårepylseproduksjon i Evanger

Føreord

Vassvøri Sogelag tok på seg eit omfattande storarbeid og dugnadsarbeid då laget tok opp tanken om og samla alt stoffet som fanst om pylseproduksjonen på gardane i Evanger.

Ein del litteratur fanst det om dette emnet, men skulle ein koma inn i kjernen på stoffet, var einaste løysinga å få dei som var med på dette arbeidet til å fortelja om det. Det er slik at tida går og dei som var med på dette vert færre og færre. Fire menn fekk i oppdrag av styret i laget å samla informasjon og bilete om pylseproduksjonen.

Desse fire var Olav Århus, Olav K. Mestad, Olav Edal og Åsgeir Brunborg. Olav Århus (f. 1925 ) var ei fantastisk god kjelde her. Fotosamlinga til Olav Edal er berre unik. Desse fire Åorde ein kjempejobb med å samla alt som var råd å få tak i, både i skrift, tale og bilete. Dei reiste rundt i bygda og fekk eldre folk til til å tala inn på kassett kva dei mintest om pylseproduksjonen. Dei Åorde eit verdifullt og historisk arbeid som Åer at alt stoffet om pylseproduksjonen no er teke vare på for komande slektsledd. Denne pylseproduksjonen er å rekna for ein del av vår lokale bondekultur. Her kan ein gjerne sei som diktaren seier: At far min kunne gjera. Boka fortel om ein stor arbeidsinnsats som vart lagd ned, av både små og store.

Me vonar at dei mange pylseprodusentane, kvardagsheltane, får sin rettferdige omtale, anten dei var små eller store produsentar. Mange vil sikkert sei at denne boka fyrst og fremst har interesse for nærmiljøet her, som eit kulturhistorisk dokument, det kan så vera, men boka fortel likevel om ei tru på at det arbeidet dei dreiv med i mørke kjellarar eller på låven under dårlege sanitære tilhøve, hadde framtida for seg. Eit arbeid som i dag har ført fram til to topp moderne kjøtbedrifter i bygda. På fyrste delen av 1800 - talet var det vesentleg salta og røykt kjøt som vart laga, men etter kvart tok produksjonen av fårepylsa over og den nådde sitt største volum på 1950 — 1960-talet i bygda.

I dag er det så mange andre produkt som vert laga, slik som pinnakjøt og fenalår og anna. Evangernamnet har ein sers god klang over heile landet når det gjeld spekemat, me vonar at boka får den lesarkretsen ho fortener. Fin som jolepresang og som presang i forretningssamanheng. Boka fortel og om ei utruleg teknisk utvikling frå hakkestabbe og voggekniv fram til ein moderne hurtighakkar. Frå mörhorn til ein moderne pylsestöppar.

Så var stort sett alt tilgjengeleg stoff samla, og ei skriftnemnd oppretta sumaren 2011 fekk i oppdrag å plukka ut stoff og laga ei bok av det innsamla materialet. Men det synte seg fort at det dukka opp ting som måtte klårleggjast betre, og som måtte med i boka, då ein etter kvart såg at der vart "hol" i forteljingane.

Den nye nemnda hadde denne samansetjinga: Anngunn Brekkhus, Ragna Lønøy

Lien, Olav Edal, Lars Agnar Brunborg og Knut Hjørnevik. Sistnemnde tok på seg å administrera dette arbeidet.

Me i skrift- eller redaksjonsnemnda har lagt vekt på å skriva sentrale ord mest mogleg lik vår uttale av desse orda, dette for å ta vare på vår dialekt og vårt språk. Dette handlar og om vår identitet. Me skriv og namnet på stader slik dei sa det på den tida pylseboka handlar om, sjølv om det kanskje i dag går på tvers av vedteken rettskriving. Elles set me dei ulike forfattarane fritt til å bruka den språkform dei ynskjer.

Lesarane vil kanskje synast at ein del av stoffet som omtalar dei ulike produsentane er svært likt frå produsent til produsent, men me meiner at det må vera slik, utan får ein ikkje fram heilskapen hjå kvar enkelt bedrift, eller produsent. Mange har hjelpt til med å skriva av frå kassettar, eit vanskeleg og tidkrevjande arbeid.

Nemnda vil få takka alle som har bidrege på ein eller annan måte til å få eit ferdig produkt, ei bok som me meiner mange vil ha stor glede og nytte av å lesa. Ikkje minst fordi boka fortel om våre forfedrar og vår nære fortid.

Knut Hjørnevik