Evanger kyrkje

FØREORD

Etter vedtak i Evanger sokneråd 1. oktober 1998 vart det førebdd i skriftnemnd i høve 150-årsjubileet for Evanger kyrkje, år 2001. I nemnda vart Ivar Molde og Knut Ovstedal valde frå soknerådet. Det vart så teke kontakt med Vassvøri sogelag. Derifrå kom Ingebjørg Helland og Øivind Teigen inn som medlemer av nemnda.
I nemnda kom det tidleg fram eit ynskje om å knyta til seg Olav Edal, som særleg har kunnskap om handsaming av biletstoff. På førespurnad sa han seg viljug til å gå inn som medlem. Såleis har nemnda heile tida hatt fem medlemer.
Nemnda vil få takka alle som har ytt stoff til skriftet, og dei mange som har synt interesse og hjelpt til, slik at me har kunna gjennomføra oppgåva vår.
Me vil takka Voss Prenteverk for verdifullt og godt samarbeid.

Sameleis vil me retta ei stor TAKK til dei her nemnde - som har gjeve økonomisk stønad til festskriftet:
B.K.K.
Brekkhus- og Arhus-grenda
Elisabeth Flansås
Gjensidige Nord
Hardingbanken
Voss kommune
Voss Sparebank
Voss Veksel- og Landmandsbank
Sist, men ikkje minst: Så vonar me at lesarane her vil finna mangt sonl kan vera av interesse!

Knut Ovstedal (leiar)