Bolstadboka

Fyrste utgåve kom i 1991 med nytt opptrykk i 2015.

Tekst frå baksida av boka:

Bolstadboka -frå fjell til fjord

Bolstadgrendene er den del av Vossabygdene som ligg lengst mot vest og den inste armen av Osterfjorden når og inn til Bolstad.

Det er om lag 300 fastbuande personar i grenda, der alle kjenner alle.

Boka fortel om natur og busetnad. Me møter grendafolket i deira kvardag, men og i helg og fest.

Sjøfart og fiske har fått sin rettkomne plass i boka. Bolstad var på mange måtar eit sentrum og knutepunkt for samferdsel den gongen dei måtte på sjøen for å nå fram til Bergen.

Etterkvart kom det endringar i grendene, ved bygging av jernbane og vegar.

Folket sin innsats i lagsliv og dugnadsarbeid er heller ikkje gløymt, og skulen er Seven brei plass i boka. Frå omgangsskulen rundt på gardane til «fast» skule for alle.

Det var ikkje så lett å finna levemåte for alle dei store ungdomsflokkane som vaks opp. Mange reiste difor til Amerika og fann seg leveveg der. Dette har og sitt avsnitt i boka.

Sogenemnda for Bolstadboka 

FØREORD

1 1987 sette Bolstadøyri Husmorlag i gang ein studiering om emnet Lokalsoge. 8—10 kvinner og menn frå Bolstadgrendene vart med her, og etterkvart hadde flokken vakse til heile 18 deltakarar.

Utgangspunktet var å koma saman for å drøfta felles interesser, finna fram til det kvar og ein hadde av gamalt stoff og bilete, og ta vare på forteljingar frå eldre dagar.

Etterkvart som tilfanget auka vart det arbeidt meir målretta både med å finna kjeldestoff, og å skriva.

Tanken om å samla alt i ei bok kom først etter eit par års arbeid i studieringen.

Men det var mange spørsmål som måtte løysast før ein kunne planleggja dette arbeidet vidare. Ikkje minst måtte ein avklåra det økonomiske.

Det var valt ei redaksjonsnemnd og ei økonominemnd.

I redaksjonsnemnda har desse vore med: Anved L. Bolstad, Atle Bolstad, Per Bolstad, Ingebjørg Helland, Knut Hjørnevik, Magnar Horvei og Maria Horvei.

Økonominemnda har hatt desse medlemene: Bjørg Bolstad, Per Bolstad, Olaf Helland og Knut Hjørnevik

Det vart óg bruk for fleire som kunne skriva, og like mykje for folk som kunne fortelja.

Her var me seint ute, mange av dei eldre i grendene var borte. Men av dei som er att har me fått mykje god opplysning.

Dei eldste deltakarane i studieringen er også over 80 år.

Me har óg fått gode råd frå Knut Rødland som var med i arbeidet med Bergsdalsboka, frå Johannes Gjerdåker, Johannes Mjeldheim og frå folka på Mølster Museum og Bergens Sjøfartsmuseum.

I boka er det gjort freistnad på å fortelja det som ikkje kom med i Evangerbøkene, og å fylla ut meir om ting som er nemnde der.

Ættesoger er ikkje med i boka, då me meiner at bygdebøkene gjev gode opplysningar om dette,

Det har ikkje vore like lett med tilfang på stoff frå dei einskilde grendene. Av den grunn har grendasogene fått noko ujamn lengd.

Nokre av gardsnavna har i boka fått både ei eldre og ei yngre skriveform.

Med vilje er det nytta ei svært «muntleg» form i boka. Det er lagt vekt på at den som skriv mest mogeleg får nytta si eiga skriveform.

Nemnda vil takka alle som har synt interesse for, og hjelpt til med å få Bolstadboka i stand. Dette gjeld dei som har støtta opp om «Bygdebokbasarane» og alle dei som har førehandstinga boka.

Ikkje minst vil me takka dei som har ytt økonomisk stønad til utgjeving av boka:

Bolstadelva Grunneigarlag

20.000,-

Evanger Nord Grunneigarlag

2.000,-

Gjensidige Vest

3.000,-

Evangervatnet Grunneigarlag

1.000,-

Evanger Syd Grunneigarlag

1.000,-

BIKK

10.000,-

Evanger Bondelag

500,-

Voss Sparebank

7.000,-

Nils Geitle

500,-

Voss Kommune, Kulturstyret

10.000,-

NSB

10.000,-

Voss Veksel- og Landmandsbank

7.000,-

A.S Bergen Nordhordland Rutelag

1.000,-

Voss Postkontor

Statens Vegvesen,

2.000,-

Hordaland Vegkontor

2.000,-

Sogenemndafor Bolstadboka