Årsmøte for 2020

Årsmøte for 2020

Vassvøri sogelag held årsmøtet sitt i heradshuset på Evanger torsdag 15.april 2021

kl.18. Grunna koronasituasjonen er det påmelding til årsmøtet  inntil 10 personar kan vera tilstades.

årsmøte 2020

Det vart gjennomført med gjennomgang av vanlege saker, men utan servering og kulturhistorisk innslag.  Alle årsmeldingar ligg her 

Les meir

Frå fjell til fjord 2019

Hugs at utgåva for 2020 av Frå fjell til fjord er i handel!

Du kan kjøpa denne utgåva på Evanger Landhandleri, Voss Bokhandel, Dalekvam Coop og Stamnes handel. Alternativt send epost til oss so sender me (kr 200 + porto).

2020 1 copy copy copy

Les meir

Årsmøtet for 2019

Årsmøtet VSL for 2019

Vassvøri sogelag heldt årsmøtet sitt i heradshuset på Evanger onsdag 4. mars 2020.

Karl Ystanes, forfattar av boka «Bolstadelva», fortalde om arbeidet med boka, som kom ut i november 2019. På ein engasjerande måte fortalde han om korleis boka vart til, og nemnde fleire gode episodar som er kome med i boka. Han hadde berre godord å seia om alle som har vore intervjua. Det er vore gjestfrie og velvillige folk å snakka med. Han fortalde roaren Leidulv Bolstad, som i mange vintrar budde på eit gods i England, etter at han vart godt kjend med eigarane av godset, som fleire somrar fiska i Bolstadelva. Forfattaren og Knut Horvei var og besøkte eigaren av godset i samband med boka.

Som takk for kåseriet fekk Ystanes overrekt Bolstadboka av Grethe, i tillegg til spekepølse frå Evanger Pølsefabrikk.

Sakliste:

Endring av kontingent og pris på «Frå fjell til fjord» 

Vanlege årsmøtesaker

----------------

 

Andre hendingar i 2019

Kulturvandring på Tysso for medlemer i Vassvøri sogelag onsd 25/9.

Oppmøte ved skulen på Bolstad kl. 16.30.

Omvisning i verkstad ved sjøen og i skulestova.

Orientering om gardane på Tysso.

Vel møtt!

Mvh Grethe F.A.

OppgåverTiltakTidsramme
Frå fjell til fjord Samla og redigera stoff Frist innlev. stoff 1. sept
Rydding/maling Straumabrua og Fadnesbrua Måla rekkverk, rydda kratt Vår 2019
Nytt grindbygg med tavle ved Straumabrua Infotavle Vår/sommar 2019
Stadnamnreg Reg. namn i grendene Heile 2019
Stølsregistrering   Heile 2019
Kulturhistorisk vandring   Sommar/haust 2019
Ny trapp Knute Nelsonstova Kommunal oppgåve 2019-20
Tilsyn K.Nelsonstova   2019
Knute Nelson dag   Aug/sept. 2019 viss utbetring av trapp er ferdig
Evangerlaurdag   Juni 2019
Postbryggja Setjast i stand Vår 2019
Gje ut 1995 og 1996 årgangane av Frå fjell til fjordi hefta   Til Evangerlaurdag 2019
Biletinnsamling frå BEB Laga utstilling i dei 3 grendene 2019-20
Reparera tak på flåtemuseet   Vår/haust 2019

Les meir

Flåtemuseet

Det har vore omvøla i haust på Flåtemuseet. Svein Mykkeltveit har vore ansvarleg kontakt frå styret og ordna avtale med Voss Vidaregåande skule.

Flott utført arbeid som sikrar tett tak i mange år framover.

 

flaate aust

Det gamle hun-taket var rote og vart fjerna. Deretter lekta på nytt.

flaate aust

flaate aust

Ein god arbeidsgjeng frå Voss Vidaregåande skule.

flaate aust

Her er ei ekstern side med informasjon om flåtemuseet.

Les meir

Bryggja på Evanger

«Evanger Landgangsbrygge Evanger Almending» vart ført opp i 1834 av Ole M Ammundsen Melstvedt frå Hardanger for 280 speciedaler. Vossovassdraget har hatt mykje å seia for transport av folk og varer mellom kysten og dei indre bygdene. Likeins har elva vore nytta til tømmerfløyting og vedtransport. I tida Evangervatnet var isfritt var dette hovudvegen mellom Evanger og Ståi. Vinterstid, når det var meinis, vart vegen lagt om Vindeggi.

Les meir

Vassvøri sogelag

Vassvøri sogelag vart skipa 5. september 1993. Laget femnar om grendene på Bolstad, på Evanger og i Teigdalen. 

Laget har til føremål å fremja interessa for slekts- og lokalsoge og kulturvern.

Laget vil samla inn og ta vare på alt som har verd for grendene si soge, og som kan fortelja om folk sine levekår gjennom tidene.

Styre, skriftnemnd og kontaktinformasjon